.
Forstatt godt nytt år til alle som er inne på skifantomet`s verden
Vi starta det nye året med solnedgang ifrå Tortnegrøegga i Stardalen. Etter solnedgangen var ferdig så starta vi på nedkjøringa frå fjellet og det hadde då allerede begyndt å bli mørkt. På grunn av skyfri himmel og etter kvart måneskinn så var det ikkje vanskelig å ta seg ned fjellet i mørket. Når vi nærma oss tregrensa var det lite snø og under tregrensa valgte vi gå med beina eit godt stykke nedover. Klokka sju var vi endelig nede med bilen. Sjølv om det tok litt tid å komme seg ned så var vi veldig fornøygd med turen. Vi var alle tre enig om at solnedgangen var ein fantastisk opplevelse og at ved neste solnedgang skal vi ha med oss ein hodelykt.