Etter å stått bak Storsæterfossen i Geiranger så var sykkel tur neste stopp på programmet. Vi sykla ifrå Strynefjellet ned til Geiranger kor vi tok båten ilag med mange turister ut Geiranger fjorden til Hellesylt. Ifrå Hellesylt sykla vi videre til Oppstryn via Flofjellveggen som er ein gammel veg omgitt av masse fin natur. Ein tur som må berre opplevast.
Nedenfor er litt informasjon om Flofjellsvegen henta ifrå nettsiden http://www.hellesylt.no/default.aspx?menu=738
Flofjellsvegen
Vegen over Flofjellet, mellom Vollset og Flo, var fram til 1848 kyrkjeveg for bebuarane på dei to øvste gardane i Sunnylvsbygda, som då sokna til Oppstryn kyrkje.
Flofjellsvegen 4,3 km er eit fint turområde og ei mykje brukt turrute for både fastbuande, cruiseturistar og andre på sommarstid. Svært mange legg familieturen hit, og i 2007 var heile 700 personar innom trimposten til Sunnylven IL.
Vegen er god som gang- og sykkelveg, men kan ikkje nyttast som bilveg. Frå Vollset til Flofjellet er vegen slakt stigande med ei bratt nedstiging til Flo. Ein tur på kring tre timar i eit variert og levande landskap med vatn og elvar, fossestryk, høge fjell og vakker natur der ein både kan møte husdyr og finne sjeldne plantar