Første dagen i mars brukte eg til å bestige Tortnegrøegga i lag med fem andre personer. På oppstigninga var det isete og hard snø. Ovenfor tregrensa og opp til toppen var det sterk vind. Imens vi gjekk på den harde snøen som var ein utfordring på dei bratte partiene lurte vi veldig på korleis nedkjøringa ville bli. Det skulle vise seg at nedkjøringa ikkje skulle bli så dårlig. Grunnen til det var at vi fant puddersnø. Rett nedenfor toppen og eit godt stykke nedover var det puddersnø oppå hard snø. Dermed fekk vi den nedkjøringa vi ønskja oss. Ein bra beskrivelse av nedkjøringa er ein uttalse ifrå ein av dei som var med på turen:
«Jeg tror jeg aldri har vært så positivt overrasket over en nedkjøring jeg trodde skulle bli rævva før»