Vårskitur på Bjørga

Søndag var eg ilag med broren min og ein venn på vårskitur til Bjørga ifrå Fossheimsdalen. På oppstigninga hadde vi fin utsikt til fjellheimen som fekk oss i godt humør.

På heile oppstigninga var det nesten vindstille og veldig varmt. Vi smelta nesten vekk der vi gjekk innover Storaksla retning Bjørga.

Etter å fått i oss godt med væske og mat var tida inne for å komme seg ned til Befringsdalen.

Eg hadde bra gli på dei første svingene og tenkte dette blir bra. Det skulle vise seg at eg tok feil.

Sakte men sikkert så fekk eg dårlig gli og melkesyre i beina. Det gode humøret som eg hadde på oppstigninga forsvant.

Vart frustrert, sur og sliten jo lengre ned i dalen vi kom. Den siste stykke ned til Befring var eg så sliten at eg ikkje greide å ta telemarksvingar. Når eg endelig kom ned til bilen var beina mine veldig glade for sleppe å ta nokre fleire svingar på den våte snøen.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s