Vårskitur på Bjørga

Bilde

Søndag var eg ilag med broren min og ein venn på vårskitur til Bjørga ifrå Fossheimsdalen. På oppstigninga hadde vi fin utsikt til fjellheimen som fekk oss i godt humør.

På heile oppstigninga var det nesten vindstille og veldig varmt. Vi smelta nesten vekk der vi gjekk innover Storaksla retning Bjørga.

Etter å fått i oss godt med væske og mat var tida inne for å komme seg ned til Befringsdalen.

Eg hadde bra gli på dei første svingene og tenkte dette blir bra. Det skulle vise seg at eg tok feil.

Sakte men sikkert så fekk eg dårlig gli og melkesyre i beina. Det gode humøret som eg hadde på oppstigninga forsvant.

Vart frustrert, sur og sliten jo lengre ned i dalen vi kom. Den siste stykke ned til Befring var eg så sliten at eg ikkje greide å ta telemarksvingar. Når eg endelig kom ned til bilen var beina mine veldig glade for sleppe å ta nokre fleire svingar på den våte snøen.

Arrangementet 24 mars vart ein stor suksess

Bilde

68 personar sitter å høyrer på Jarle Mundal snakker om prosjektet sitt «seven summits»

Bortsett ifrå ein bankterminal som ikkje fungerte og vipps som var nede ein stund var arrangementet 24 mars ein  stor suksess. På foredraget og filmvisninga var det 68 personar.

På fellesturen var vi 15 personar som kosa oss oppe i fjellheimen i det dårlige været. Gjekk opp til Støylsnova ifrå Dvergsdalsdalen.

Les meir om skredfaren og snøforhold i fjellene på varsom.no

Les meir om snødybden og været i Jølster skisenter på fnugg.no og skiinfo.no

Les meir om været på Olahans-fjellet i Jølster på yr.no

Studer kart over toppturfjell på norgeskart.no

Sjå oppdaterte kart over snø-, vær- og vannforhold og klima for Norge – og mye meir på senorge.no

Studer bratthet i fjellene på xgeo.no

På toppen var det sterk vind og dårlig sikt. Det var derfor ekstra godt med pølser, varme drikke og brus når vi kom ned til Sægrov kor vi avslutta turen med pølsefest.

For ein fin dag på Såtefjellet

Bilde

.

For ein fin dag på Såtefjellet. På oppstigninga hadde vi underholdning av mange folk som svingte seg nedover Blåfjellet i Husdalen. På nedkjøringa fant vi uberørt pudder

Les meir om skredfaren og snøforhold i fjellene på varsom.no

Les meir om snødybden og været i Jølster skisenter på fnugg.no og skiinfo.no

Les meir om været på Olahans-fjellet i Jølster på yr.no

Studer kart over toppturfjell på norgeskart.no

Sjå oppdaterte kart over snø-, vær- og vannforhold og klima for Norge – og mye meir på senorge.no

Studer bratthet i fjellene på xgeo.no

 



Bilde